English

Ytre Sula

Surnadal

Kort om turen

Ytre Sula ragar heile 1318 meter over havet, men er likevel ein topptur som mange vil greie! Frå toppen har du vidt utsyn over Trollheimen, men også grender og landskapsformasjonar kring nordmørske fjordarmar. Ein stans ved Suloppkommet og ein kopp av det iskalde vatnet der er også eit høgdepunkt på turen.

Ruteskildring

Køyr til Nordvik og sving av inn på Blomlivegen, ein bomveg som startar på øversida av vegen rett ovafor Nordvik Forsamlingshus. Køyr til enden av vegen. Gå over demninga og fortsett etter stien på andre sida. Den første delen av turen går i myr, og er derfor relativt tung (ikkje minst i år med mykje nedbør). Når du seinare kjem opp i rabbane, blir underlaget fastare, og det blir lettare å gå. Dette trass i at det da blir meir stigning. Når du kjem opp frå myra, er også merkinga av stien meir tydeleg. Mot slutten går turen gjennom stein og ur, og det er da berre dei raude merkingane som viser traseen. Ver merksam på kvar den siste raudflekken før toppen er, slik at du finn tilbake til stien når du skal gå ned igjen.

Tilkomst og parkering

Det er plass til å parkere ved startpunktet. Unngå parkering på snuplassen!
Fottur
Rød
Stigning
900 m
Tidsbruk
4 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
1287 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,4

Offentleg transport

Her er det nok lurast å satse på privat skyss.

Anna

Hugs bompengar kr. 40,-!

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000) eller topografisk kart «Snota» (1:50 000)

Betalingsmiddel for bomvei

Kontantar eller vipps, kr. 40,-
Køyreskildring
Print ut