English

Strengen

Surnadal

Kort om turen

Toppen av Strengen ligg 890 meter over havet og er eit flott turmål som kan nåast frå fleire grender i Surnadal. Strengen er eit turmål som er like attraktivt både sommar og vinter, men vi vil her presentere Strengen som eit turmål sommars tid. Det er ein topptur utan lange, bratte parti, og er slik eit eksempel på ein topp som kan nåast også for den som ikkje er i toppform. For den meir aktive passar den til ein trim- eller treningstur på kveldstid. Viss du ikkje likar å orientere deg etter kart, kan også Strengen vera eit godt val, ettersom stien er så godt merka. Sidan Strengen kan nåast frå mange grender i Surnadal, vil mange kunne starte heimanfrå når dei skal gå dit. For dei som ikkje kjenner vegen, eller bur lenger unna og likevel må setje seg i bil, er Vang eit flott utgangspunkt for ein Strengentur. Det er lett å finne fram til startpunktet, og stien er godt merka. Den første delen av turen går i skogsterreng etter skogsveg og sti. Dette er etter vårt syn den tyngste delen av turen, kanskje fordi det blir meir å sjå når ein kjem lenger opp. Etappen blir likevel broten opp ved hjelp av naturlege rasteplassar undervegs, og ved at tufter etter bygningar frå gammel tid er merka med skilt. Litt stemningsfull «trollskog» går vi også gjennom! Over skoggrensa opnar landskapet seg og du kan sjå både ned til fjorden og ut over fjellheimen der Åsbøsnytå og Nordviksula reiser seg i framgrunnen. Du har også fullt utsyn til bygdene på andre sida av fjorden. Når du kjem til toppen er utsikten flott i alle himmelretningar. Toppen av Strengen.

Rutebeskrivelse

Køyr til Kvanne og ta av på øversida av vegen opp mot Vang skiarena. Sidevegen er skilta og lett å finne. Oppe ved skisenteret er det ein parkeringsplass på øversida av vegen. Ved parkeringsplassen er eit skilt som viser «Strengen» godt synleg frå vegen. Frå parkeringsplassen er det mest umuleg å gå feil. Traseen er godt merka med blå farge, og på stader han deler seg, viser pilar riktig retning.

Adkomst og parkering

På øversida av vegen ved Vang skiarena. På parkeringsplass på øversida av vegen ved Vang skiarena.
Fottur
Blå
Lengde
7,8 km tur/retur
Stigning
780 m
Tidsbruk
3 t. 55 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,9

Offentlig transport

Nei. Privat skyss.

Kart

Fjordruta
Kjørebeskrivelse
Print ut