Eikesdalsvatnet: Krevande bratt tur langs sti rett opp til Bjørkskaret (1000 moh.) Deretter lett høgfjellsterreng til toppen av Katthammaren /Strandkolvet (1260 moh.) Her kjem du tett inn på naturen med elv, fossar og steile stup og fjell. Basehopparar er blant dei ivrigaste brukarane av stien.Ein tur du ikkje gløymer!
NB! Dette er villreinens rike. Vis aktsomhet.
Første par hundre metra følgjer attgrodd skogsveg. Deretter på sti først ca 80 meter gjennom litt tett vegetasjon før du kjem inn i skog med meir åpen botn. Etter ei stund blir det vesentleg brattare. Partivis så bratt at du også må bruke hendene for å kome deg opp. På ca 480 moh skrår stien bortover over fleire grunne rasrenner. Deretter går det bratt opp igjen til over skoggrensa og 800 moh. Her er det bolta fast ein kjetting til hjelp for å halde deg fast i. Herifra og opp til Bjørkskaret er det også jamnt bratt langs lyng og mosegrodd fjell. Og med enkelte utsatte stader. Frå Bjørkskaret er det ingen merka sti lenger. Men du skrår svakt oppover til høgre. Følg venstresida av eit bekkeleie (ligg ofte snø der). Når det flatar ut går du i dalsøkket / bekken eit kort stykkje for så å krysse over til høgre. Følg flate knausar framover og du er oppe. Gå ut mot kanten og du ser rett ned i Eikesdalsvatnet! Det er her basehopparane kastar seg utfor. Utsikt; ja det er berre forbokstaven!