English

Storvasshytta frå Overøye

Fjord

Kort om turen

Turen til Storvasshytta frå Overøye er ein fin skitur for alle. Hytta er open for alle. Ikkje langt unna finst overgangar både til Valldal og Innfjorden og ei anna open hytte, “For fattig og rik”.

Ruteskildring

Turen til Storvasshytta frå Overøye er ein fin skitur for alle. Det kan vere noko langt for dei aller minste. Målet kan då vere Gapahuken ved Fokhaugstova, som er 2 km (jamn motbakke) frå parkeringsplassen (Langsætrane-Pusken).

Det er fint turterreng innover dalen, og toppane i området kan gjerast luftige for dei som likar det. Det er fisk i elva og vatnet oppe i dalen. Vinterstid finn du preparert skiløype utanfor døra og muligheit for flotte toppturar på alle kantar! Området er blant det mest snøsikre på Sunnmøre. Fra Fokhaugstova og til Storvasshytta er det ca 3,5 km. Hytta er open for alle, ikkje berre stordalingar. Hytta ligg i eit område som grensar til tre kommunar. Ikkje langt unna finst overgangar både til Valldal og Innfjorden og ei anna open hytte, “For fattig og rik”. På Storvasshytta kan den som vil låne båtar og fiske på vatnet og nytte hytta for å lage mat og overnatte. Om ein vil betale, er opp til den einskilde.

Tilkomst og parkering

Enten parkeringsplassen på Overøye (ved alpinbakken) eller ved den nye parkeringsplassen på Kvitlane-Langsætrane. Parkering kr. 50,- (automat). Overøye evt. ved Langsætrane. Parkering kr. 50,- (automat).

Skitur
Blå Løype
Lengde
5,57 km en vei
Stigning
233 m
Tidsbruk
2 t. 20 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
601 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Offentleg transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, frammr.no

Kart

Inntegnet på turkartet Romsdalen i 1:100 000 fra Ugland It Group AS og Norge 1:50 000 Valldalen 1319-4 (2010) fra Statens kartverk
Køyreskildring
Print ut