English

Storvasshytta (Storvatnet)

Fjord

Kort om turen

Turen til Storvasshytta er ein fin tur på et par timers gange med jamn stigning frå Langsætrane. På Storvasshytta kan du overnatte. Hovudhytta har stue, soverom, enkelt kjøkkenutstyr og vedfyring. I naustet ligg det to båtar og fiskegarn som alle kan nytte. Alt er ope og tilgjengeleg for deg og dine venner.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen ved Kvitlebrua, fyl ein grusvegen oppover stølen. Etter omlag 300 meter deler grusvegen seg. Der held ein til venstre. Etter omlag 300 meter til, kjem ein til brua som går over til den andre stølen. Her sluttar også grusvegen. Ein skal IKKJE over brua, men følge stien som går langsmed elva på høgre side. Etterkvart blir det lett stigning og du passerer brua over Ådalselva. Du vil også sjå Fokhaugstova på andre sida av elva, men du held fram retning Storvatnet og Valldal. Når du passerer den karakteristiske furua på venstre sida av stien, er du ca halvvegs til Storvatnet og ferdig med det lille som er av oppstiging. Du passerer også Elvabytet, som ligg ca 200 meter til venstre for stien. Når du kjem fram til Storvatnet er det bru over elveosen der. Frå brua er det ca 300 meter lett oppstiging til Storvasshytta. 

Fra Storvatnet kan ein også gå vidare rundt Kamben til Litlevatnet eller over til Bøstølen. Ein kan også gå vidare til  Myklebustsætra i Valldal.

Tilkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett forbi skitrekket og ta til høgre mot Kvitlane etter omlag 1,3 km og køyr over brua. Gode parkeringsforhold ved brua der turen startar. 

Fottur
Blå
Lengde
5,72 km en vei
Stigning
232 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
598 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,6
Sti 5,1

Offentleg transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut