English

Stortolla, Osmarka

Gjemnes

Kort om turen

Fin tur til Norges største bartre!

Rutebeskrivelse

Turen startar ved bom til Heggemssetervegen som ligg ved Hanasetvegen. Her kan du gå, sykle eller trille. Gjer merksam på at siste del av turen langs sti/myr høver best for joggevogn eller bæremeis. Fint for barn og sykle delar av skogsbilvegen til ein kjem til dei brattaste partia oppover. Langs vegen er det natursti som er opplysande, lærerik og motiverande på turen fram til målet. Samt fleire bord langs vegen med høve for rastepausar. Følg skogsbilveg 1,0 kilometer til rørbru, passer denne og fortsett rett fram 500 meter, til du kjem til ein bom. Her tek du til venstre, går forbi bom nummer to og fortsett langs skogsvegen/traktorveg med 3 bratte parti, før vegen flatar ut (1,5 kilometer) . Ta til høgre ved skilting og følg sti opp til setervollen, Duålisetra. Her er det bord med høve for ein rast. Vidare går ein i overkant av seterhus, og fortsett langs sti/myr ca 500 meter bort til Stortolla, som er Noregs største bartre med ein omkrins på 5.9 meter og ei høgd på 14 meter. Vis hensyn og naturvett ved privat setervoll, forlat setervollen i den stand du fann han! Samme rute tilbake. God tur!

Adkomst og parkering

Heggem i Gjemnes kommune. Om en kommer med bil fra vest er det ca 1,8 km fra Heggemskiltet til en skal ta av til venstre mot Hanaset. Køyr om lag 500 meter, ta til venstre ved bom til Heggemsetervegen. Parker ved opparbeidd parkeringsplass ved bom på Heggemsetervegen. Gratis parkering. Vis hensyn.
Fottur
Grønn
Lengde
8,6 km tur/retur
Tidsbruk
2 t. 10 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Kjørebeskrivelse
Print ut