English

Stormyrhytta Haramsøya

Haram

Kort om turen

Denne turen går til Stormyrhytta, som i utgangspunktet er ei grillhytte. Blir brukt til overnatting, sosialt samver, grilling, vaffel- steiking, speling. Der er også innstallert ein vedovn. Førstehjelpsutstyr innanfor døra. Uteområdet har mange benkar og stor platting. På sommerhalvåret er det muligheit for kanopadling. Det er muligheit for å gå på skeiser. Fleire aktivitetar kjem til etterkvart. Turen opp til hytta går gjennom skog og har fleire utsiktspunkt. Her er fleire valg for turen opp til hytta, bl. anna via Varden. Her er også eit rikt fugleliv. Turen går til Stormyrhytta, du kan ta same vegen tilbake, eller utforske andre råser på fjellet.

Ruteskildring

Turen startar på Austnes frå byggefeltet, og går gjennom furu- og granskog. Her er fleire valg for turen opp til Stormyrhytta. Vi anbefalar å gå vegen opp til varden, og så vidare rett fram mot Røhammaren, som går langs kanten av fjellet mot Myskja. Du finn ein benk ved eit utsiktspunkt, fortset forbi denne og etter ei stund kjem du til eit vegskilje. Du skal her gå til høgre og då kjem du til Stormyra. Når du kjem opp på demninga, ser du Stormyrhytta. Følg skilt merka Stormyrhytta. 

Tilkomst og parkering

På Skjeltene tek du av og køyrer Nordøyvegen. Etter to av bruene tek du av til høgre og gjennom tunnel som kjem opp på Austnes. Parker ved hurtigbåtkaia/gamle ferjekaia på Austnes. Følg så vegen oppover til startplass i byggefeltet på Austnes, ta til høgre, så med ein gong til venstre opp Jonasvegen forbi helsehuset. Rett fram i krysset og opp til der vegen flatar ut. Sjå etter eit turskilt på venstre side rett etter hus nr. 106 i Jonasvegen. 

Fottur
Grønn
Lengde
1 km en vei
Stigning
114 m
Tidsbruk
1 t. 0 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
146 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Buss. Sjekk frammr.no.

Kart

Turkart Ålesund 1:50000
Køyreskildring
Print ut