English

Storhaugen

Surnadal

Kort om turen

Turen til Storhaugen er ein rundtur som passar dei fleste. På toppen er det sett ut benk der du kan nyte utsikten utover bygda medan du tek kaffepausen. På turen ned får du utsikt oppover bygda. Siste delen av turen går langs elva Toåa. Ved elvekanten er det ein triveleg rasteplass med gapahuk, bålplass og sandstrand med bademoglegheiter. Parkering ved Todalshytta, som er ei sesongopa turisthytte med servering. Toppen av Storhaugen.

Rutebeskrivelse

Start ved Todalshytta. Følg merka løype mot Innerdalen om Snekkardalen fram til lunningsplass med skilting «Storhaugen», ca 1,3 km. Følg skilting mot toppen Storhaugen. På toppen kan du nyte den fine utsikta utover Todalen. Deretter kan du velje å gå same veg ned, eller du føljer skilting til Bruset som rundtur. Turen ned frå Storhaugen mot Bruset kan opplevast som bratt dei først metrane. Resten av nedstiginga er etter grei sti. Vel nede føljer du asfaltert veg nokre hundre meter fram til info-tavle i vegkanten. Ta av vegen til høgre, og følg skilting ned mot elva. Stien passere ein gapahuk ved elvekanten. Resten av turen føljer elva mot Bruset og tilbake til Todalshytta.

Adkomst og parkering

Todalshytta i Todalen Ved Todalshytta
Fottur
Blå
Lengde
5,3 km tur/retur
Stigning
302 m
Tidsbruk
2 t. 5 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 4

Offentlig transport

Nei

Annet

Turen er Stikk- UT!-mål og merka etter nasjonal standar. Delvis sleipt underlag ved vått vèr. Husk å lukke grinder etter deg!

Kart

Fjordruta, men ikkje nødvendig.
Kjørebeskrivelse
Print ut