English

Storfjellet

Gjemnes

Kort om turen

Storfjellet er ein tur du skal ta på ein skikkeleg finversdag, for makan til utsikt skal du leite lenge etter! Flott utsikt mot Romsdals- og Nordmørs-toppar, mot Grip, Smøla og Tustna. I tillegg er det eit lite vatn på toppen av fjellet kor du kan bade! Det kan anbefalast å vere der i det sola går ned i havet.

Ruteskildring

Følg anvisning for startstad. Gå langs dyrka mark og opp mot venstre hjørne av jordstykket. Der finn du sti som tek deg oppover lia. Lett å finne. Når du kjem opp lia flatar det ut og terrenget blir meir myrete. Her er det lite sti å finne, men kryss Skjærsetelva på passande stad og følg denne innover Bjørndalen. Innerst i Bjørndalen startar det brattaste partiet på turen. Men hardt og fint underlag gjer at du raskt er oppe på ryggen mot toppen av Storfjellet. Følg ryggen og det flatar raskt ut mot toppen og mot det litje vatnet som ligg på toppen av fjellet. Nyt utsikta og ta kanskje eit bad før du tek same rute ned igjen.

Tilkomst og parkering

Parker i nærleiken av Lykkeliten Barnehage i Søvika, Gjemnes. Gå langs vegen i ca. 300 meter i retning Høgset, til eit stykke med dyrka mark. Der startar turen. Parker langs vegen ved Lykkeliten Barnehage.
Fottur
Rød
Lengde
7,6 km tur/retur
Stigning
750 m
Tidsbruk
3 t. 50 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,6
Sti 4,1

Kart

Turkart Kristiansund eller Kartserie 711 Kartblad 1320 IV Eide
Køyreskildring
Print ut