English

Storetua

Sande

Kort om turen

Storetua er nest høgste fjellet i Sande med utsikt over store delar av ytre søre og Sunnmørsalpane, du ser også heilt til Hornelen. Storetua er også kjend for alle vardane som står langs ryggen. Gursken IL og Gurskøy IL har trimpost ved den austlegaste varden, Gjerdsvika IL har trimpost ved den vestlegaste varden som er høgaste punktet på Storetua.

Ruteskildring

Start ved vassverkshuset på Holtane, der står turkart på husveggen. Gå først ned bak vassverkshuset og følg traseen til vassverksveita til du kjem til skiltet Storetua 592, ta då til høgre og kryss elva og gå oppover på austsida av eit elvefar, råsa kjem opp på kanten ca 200 m austapå den austlegaste varden, då går den mot vest opp til varden. Dersom du vil nå det høgaste punktet på Storetua går du vestover langs alle vardane, den vestlegaste markerer høgste punktet.

Tilkomst og parkering

Holtane i Gursken. Ta av frå fv 61 ved BESTstasjonen ved Skogevatnet, køyr ca 500m og ta til høgre i kryss etter Gursken stadion, køyr vegen opp på Brekkane og ta til venstre i første vegkrysset og køyr ut til vassverkshuset på Holtane og parker her. Ved vassverkshuset på Holtane
Fottur
Blå
Lengde
2,93 km en vei
Stigning
437 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
592 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2,9

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut