English

Storehornet - tur i sprekkområde - Rute 54c

Vanylven

Kort om turen

Dette er ein flott tur for dei som vil ha ein tur med litt spenning og mykje flott utsikt. Spenninga finn ein først og fremst i ca 150 meter med vandring på egg avslutta med relativt enkel klyving opp ei renne med ei lengd på ca 6 meter. Resten av turen går i lett og tørt terreng, der ein gjerne kan utforske naturen også utanom den merka ruta. Denne turen har raud gradering. Dette kjem både av at det er eit parti med vandring på egg og relativt enkel klyving, men og av at dette er eit sprekkområde der ein skal vite kvar ein går og korleis ein handlar. Ein knapp kilometer etter klyvinga, etter at ein har passert den første toppen på turen, kjem ein til eit område det det er ei lite tjern som har ein bekk som renn ned i ei forsenking i terrenget og deretter forsvinn ned i ei underjordisk elv. Denne underjordiske elva renn minimum 60 meter for å kome ut i friluft mot Saurdalen, men truleg følgjer den sprekkane i fjellet langt nedover. Hadde dette ikkje vore eit sprekkområde ville det i dette området ha vore eit vatn på storleik med 5 fotballbaner og med ei største djupne på 5 meter. Ta gjerne ein avstikkar frå den merka ruta for å gå innom varden på Storehornet, eller studer sprekkområdet mot Saurdalen.

Ruteskildring

Turen har felles start med rute 54 frå Øverberg via Blåfelden til Syvde https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Blaafelden-Fuglehovudet-OEverberg-rute-54 Etter 950 meter tek rute 54 c av frå rute 54 i eit område med raud sand. Stikrysset er skilta og begge rutene er merka med blå merke på stein og blå merkepinnar. Den raude sanden er forvita Olivin som har svært høg pH-verdi, noko som fører til at det er få plantar som veks i denne sanden. Allereie 75 meter etter stikrysset i den første krappe svingen på den merka ruta skal ein vere OBS på både god utsikt over fremste del av Saurdalen og også ein sterkt oppsprukken fjellvegg. Desse sprekkane finn ein i større eller mindre grad heilt til godt forbi Storehornet. 150 meter etter dette utsiktspunktet startar vandringa på egg og deretter relativt enkel klyving opp ei renne. Det er 2 renner, og begge kan klyvast, men berre den høgre renna er merka. Truleg er den venstre renna best for dei som er relativt små og slanke. I renna til høgre kan ein på toppen ta ein liten manøver til høgre for å sleppe å klyve heilt opp. Etter klyvinga er det lett og tørt terreng heilt til ein møter igjen rute 54 nær osen ved Lisjehornvatnet. På vedlagde GPS-fil er det vist veg til rute 54 både nær osen ved Lisjehornvatnet og også ein snarveg til rute 54 ved Støylsmannsvatnet. For dei som ynskjer å gå vidare til Fuglehaudet, Blåfelden og Syvde vil vi anbefale å gå til stikrysset mot rute 54 nær osen ved Lisjehornvatnet. Ynskjer ein derimot å returnere tilbake til startpunktet for turen på Øverberg via rute 54 vil vi anbefale å gå den umerka snarvegen mot Støylsmannsvatnet. Då er det lurt å studere kartet godt, helst på sin PC-skjerm.

Tilkomst og parkering

Ein kan køyre til startstaden både frå Syvde og via Saurdalen, eller om ein kjem frå Åheim eller Fiskå kan ein først køyre til Sylte, deretter opp Syltedalen og vidare opp til Kilebrekka og Øverberg. Det går vanlegvis greitt å parkere nær der turen startar på Øverberg i Syvde
Fottur
Rød
Lengde
8,67 km rundtur
Stigning
399 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Høyeste punkt
747 moh
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 8

Kart

Turkart for Vanylven - kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut