English

Storehornet / Sandviktua

Sande

Kort om turen

Storehornet er sannsynlegvis den mest besøkte toppen i Sande. Det er ein lett tur der du kjem til ein topp med god utsikt over øyane i Sande. Det er fantastisk å site på Storehornet og sjå sola gå ned i havet i vest. På Storehornet står ein stor varde, 2000 års varden, bygd i 1999 av turgåarar i regi av Gursken IL og Larsnes IL i anledning 1000 års skiftet. Gursken IL og Larsnes IL har trimpost på toppen.

Rutebeskrivelse

Råsa byrjar på vestsida av vegen på høgste punktet på Drageskaret, går så vestover, først over nokre myrar, råsa fylgjer så ryggen utover til toppen. God rås, kan vere litt vått over myrane ved regnver.

Adkomst og parkering

Drageskaret på fv. 61 mellom Gursken og Larsnes. God parkering på parkeringsplass på høgste punktet av Drageskaret.
Fottur
Grønn
Lengde
2,6 km tur/retur
Stigning
100 m
Tidsbruk
55 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2,6

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 III Vanylven, Sunnmorskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut