English

Støylsmannsrunda - rundtur

Vanylven

Kort om turen

Tur for turgåarar i alle aldrar i lettgått og småkupert terreng. Mange små vatn der ein kan vasse eller bade, bautasteinen Støylsmannen på kanten av eit stup og flott utsikt ned gjennom Slåttekloven vil truleg fenge dei yngste turgåarane. Dette er også ein flott tur for dei som trivst best i opne landskap. Ein er over tregrensa det aller meste av turen og har jamt over vid utsikt. Ein kan kome inn på denne rundturen frå fleire plassar. (Sjå oversiktsbiletet) Turomtalen tek utgangspunkt i start på Kilebrekka der det er lett å parkere 400 m.o.h. og der også dei yngste turgåarane vil oppleve dette som ein lett tur. Viss ein startar på Kilebrekka og går i retning Høgeheida vil det og vere lett å eventuelt ta ei kortare runde om turen skulle bli for lang for dei yngste i turfølgjet. Sjå http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Hoegeheida-delar-av-turen-paa-rute-54-fraa-Kilebrekka-via-Hoegeheida-til-OEverberg for turen via Høgeheida og informasjon om første del av Støylsmannsrunda. Vil ein ha med seg litt ekstra trim og kulturminner i starten og/eller slutten av turen kan ein og gå Brattebakkjen. http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Brattebakkjen-Syltedalen

Ruteskildring

Frå startpunktet på Kilebrekka går ein på lett og fast underlag til Høgeheida og vidare til ein kjem til stikrysset på rute 54. http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Syvde-OEverberg-rute-54 I stikrysset tek ein til venstre forbi Raudegrødvatnet. Om lag 100 meter etter vatnet står det ei trerot med hol i som mange har brukt til å ta innramma bilete av seg sjølv i. 400 meter etter denne rota kjem ein til Støylsmannen som har gitt namn til turen. Støylsmannen er ei flyttblokk som har kome med isen i istida. Truleg har den falle ned frå eit fjell og blitt liggande på isen. Då isen smelta på slutten av istida vart den tilfeldigvis plassert på høgkant på kanten av eit lite stup og står no trygt og stødig der den vart plassert for 10 000 – 12 000 år sidan. Støylsmannen står på eit lite høgdedrag litt til sides for den merka ruta, men bør vere grei å finne. Ruta på kartet og sporet på GPS-fila som du finn lenger nede på denne sida går innom Støylsmannen. Like etter at ein har passert osen på Støylsmannsvatnet når ein høgste punktet på turen 659 m.o.h. ved varden på Støylsmannsheida, og tek av til venstre nedover til Vidnesvatnet og vidare via Furenakken tilbake mot Kilebrekka. Det er flott utsikt frå Furenakken, og det same er det frå Slåttekloven der ein ser nesten loddrett ned til Syltedalen.

Tilkomst og parkering

Turen startar på Kilebrekka på det aller høgste punktet på vegen mellom Sørdalen i Syvde og Syltedalen i Sylte. Ein kan køyre til Kilebrekka både frå Sylte og Syvde. Det er greitt å parkere der turen startar. Grei parkering der turen startar på Kilebrekka.
Fottur
Blå
Lengde
8,19 km rundtur
Stigning
538 m
Tidsbruk
3 t. 25 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Val for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 7,9

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut