English

Steingardsvatnet

Ålesund

Kort om turen

Steingardsheia er eit særprega fjellområde med eit hylle- eller benkepreg. Rett nord for fjellfoten til Høgsvora ligg Steingardsvatnet som dels er avgrensa av ei stor morene eller steingard som har gitt namn til området. Snøen kan ligge lenge. Innover heia ligg det fleire småvatn. Ein sommarkveld ved Steingardsvatnet gløymer du ikkje så lett.

Ruteskildring

Start frå Stortrøna i Landedalen. Gå herifrå, eller køyr bomvegen fram til brua i Kvanndalen. Dei fleste køyrer frå til brua i Kvanndalen. Gå grusvegen vidare inn til Kvanndalsetra. Her står det nytt skilt til Steingardsvatnet. No ser du Steingardsheia rett framfor deg. Følg merkepinnar vidare ned over myra, over ei bru og vidare opp mot Steingardsheia. Råsa følgjer ryggen oppover med god stigning gjennom furu- og bjørkeskog. Råsa går vidare over litt bart fjell og gjennom lav fjellbjørk. Gå i retning mot Høgsvora, inn i eit dalsøkk og ei tydeleg "hylle" i terrenget. Hald retninga mot sør og foten av Høgsvora. Etter kvart ser du "steingarden" som avgrensar nordvestsida av vatnet. Oppe på denne ser du Steingardsvatnet og finn postkassen. Turen er også fin å gå med utgangspunkt frå Haugsetra på Ørskogfjellet, sjå boka "På tur i Ørskog."

Tilkomst og parkering

Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba, Steingardsvatnet og Postvegen. Bompengar.
Fottur
Blå
Lengde
4,48 km en vei
Stigning
420 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
698 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2
Sti 7

Offentleg transport

Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.

Anna

Snøen kan ligge til godt ut i juni på deler av råsa.

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps og kontant
Køyreskildring
Print ut