English

Steindalsstølen

Fjord

Kort om turen

Fin tur i vakker og til dels vill natur til setra for gardane på Grønnngsæter. Stølen ligg 550 moh., ved inngangen til Steindalen. Setra og setermarka ligg i Reinheimen landskapsvernområde. Området vert brukt til sauebeite. Ved å følgje råsa vidare innover dalen kjem ein til Tjønnebu (ca 5 km) og Vakkerstøylen (ca 18 km). Dette er Ålesund og Sunnmøre Turistforening (ÅST) sine hytter. Om lag midtvegs mellom Steindalsstølen og Tjønnebu kjem ein inn i Reinheimen Nasjonalpark.

Ruteskildring

Parkeringsplass ved enden av bomveg, 1,5 km etter siste garden på Grønningsæter. Følg skilting. Fin, oppmura rås gjennom skogen på høgre sida av elva oppover til Steindalsstølen. Dette er også ei DNT-rute. Under krigen fekk folket på Grønningsæter tilskot frå staten til å byggje setervegen. Vegen var bratt og svingete og det var eit storarbeid med handboring og sprenging og bygging av bru.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fv 63 mellom Valldal og Trollstigen ved skilt til Grønningsæter, ca 20 km frå Valldal sentrum. Køyr heilt til enden av vegen (bomveg frå siste tunet). Parkering ved enden av bomveg. Parkering ved gardane på Grønningsæter etter avtale med grunneigar.
Fottur
Grønn
Lengde
2 km tur/retur
Stigning
169 m
Tidsbruk
55 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145 Om sommaren går det også buss mellom Valldal og Åndalsnes (tre avgangar for dag).

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50 000 Turkart Romsdalsfjella 1: 80 000 Turkart Tafjordfjella 1:50 000

Lenke til turskildring

Kulturminneatlas for Møre og Romsdal fylke
Køyreskildring
Print ut