English

Steimsnibba frå Karbø

Stranda

Kort om turen

Steimsnibba ruvar over Hellesylt. Turen til topps er variert, går forbi ei sæter og gjennom flott lauvskog til Skaret der du får flott utsikt ut Sunnylvsfjorden. Frå Skaret og vidare til topps går ein i ope lende og med flott utsyn. På toppen er det fleire flotte vardar og ei steinhytte til å søke ly i.

Rutebeskrivelse

Frå Karbø følger du skogsveg i omlag 1,5 km til Torskreddalsætra. Følg skilting til Skaret og Steimsnibba. Vidare følger du god sti til Skaret. Det er lite stigning her og du går i flott lauvskog. Gi deg tid til ein stopp på Skaret. Her er det flott utsikt ned til Hellesylt og utover fjorden! Stien frå Hellesylt kjem opp her. Dette er ei brattare oppstiging enn frå Karbø. Frå Skaret går det tydeleg sti til topps. Først ei litt bratt stigning, vidare litt slakare på ryggen før du begynner siste oppstiginga til topps. Gi deg tid til å nyte utsikta undervegs!

Adkomst og parkering

Frå Hellesylt køyrer du omlag 3 km i retning Stryn (RV60). Ta av til Karbøen, første gard på venstre side av vegen, og parker like etter brua. Turen startar på skogsvegen like ved der du parkerer. Ved start like etter brua der skogsvegen startar
Fottur
Rød
Lengde
13,1 km tur/retur
Stigning
1148 m
Tidsbruk
6 t. 10 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 10,1

Offentlig transport

Buss mellom Stryn og Stranda http://www.frammr.no

Kart

Turkart Stranda kommune. sunnmorskart.no.
Kjørebeskrivelse
Print ut