Dette er ein gamal ferdselsveg mellom Hellesylt og Flo, heile vegen over til Flo er 10 km langTuren går langs med Nestevatnet, med høve til fiske mot fiskekort.Elles går ein forbi utmarrksbeite og dyrka jord på denne turen, også gamle utmarksløer.
Dette er ein gamal ferdselsveg mellom Hellesylt og Flo, heile vegen over til Flo er 10 km lang. Ein paserer Nedstevassætra på vegen opp til Stegholen, dette er sætrane til gardane øvst i Sunnylvsbygda. Turen går langs med Nestevatnet, med høve til fiske mot fiskekort. Elles går ein forbi utmarrksbeite og dyrka jord på denne turen, også gamle utmarksløer. Om ein ynskjer å forlenge turen tek det ca 30 min og gå til sætrane på Flofjellet som ligg i Sogn Og Fjordan fylke. Endestasjon for StikkUt turen er i Stegholen midt på Stegholsvatnet, der fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane gå. Turmålet er Stegholen, der er tavla plassert litt før enn tidlegare. Kodetavla heng no rett etter grinda ved dei to hyttene i starten av Stegholsvatet. Der er ein stor stein på høgre side, og tavla heng til venstre. Kodetavla er flytta nærare Vollset grunna fare for snø og skred.
Hugs at estimert tidsbruk kan variere.
Turen starter ved parkeringsplassen so ligg ca 300 m forbi dei øvste gardane Sunnylvsbygda (Vollset). Her erdet gode parkeringstilhøve og også eit sanitæranlegg. Vollset, ingen parkeringsavgift.
Det kan trillast barnevogn på denne turen (ikkje vognene med små hjul)