English

Stavvatnet

Rauma

Kort om turen

Fin tur på god sti fra Venåssetra inn til Stavvatnet.

Ruteskildring

Køyr til fremste gardstunet i Måndalen på høgre sida av dalen, og ta inn på setervegen mot Venåssetra (bomveg). Frå parkeringa nokre hundre meter før Venåssetra går stien til Stavvatnet rett opp til høgre. Omtrent halvvegs møter den elva, og følger elvadalen fram til osen der postkassa er.


Det er to alternative ruter på vegen attåt den som er merka. Begge stiane kjem att samme plass som hovedstien, og ein kan gå desse som ein rundtur. Du kan ta opp til høgre i første kryss, då kjem du inn på stien langs høgresida av vatnet som går vidare til Ytstetjønna og Daugstadsetra i Vestnes kommune. Der stien møter elva kan du ta til venstre over brua og gå over Stavasshaugane til Stavvatnet. Dette er og raskaste veg om du skal vidare til Øspevatnet.
Vatnet er langgrunt med sandbotten i osen, og når temperaturen i vatnet blir brukbar på seinsommaren er det ein fin plass å ta seg eit bad. Fiske med stang i Stavvatnet er gratis for alle.

Fottur
Blå
Lengde
2,14 km en vei
Stigning
175 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
522 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Betalingsmiddel for bomvei

50,-
Køyreskildring
Print ut