English

Solligjerdet

Surnadal

Kort om turen

Solligjerdet ligg oppi lia rett ovanfor Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter i Bæverfjord. Plassen var bebygd til utpå 1600-talet, og viss du leitar, kan du enno sjå spor i terrenget etter bygningane som stod der da plassen var bebygd. Turen opp til Solligjerdet er kort og bratt, men sjølv om det seiest at den siste brukaren på plassen stupte under ei fiskebør i lia på tur heim, treng ein ikkje bli skremt av den grunn. Denne turen er ikkje lenger enn at ein kan ta seg den tida ein treng for å koma fram i god behald sjølv på ein ettermiddagstur. Under ein steinhallar på Solligjerdet har Bæverfjord i.l. trimpost, og denne spesielle plassen, omgitt av høge lerketre, er målet for turen. Solligjerdet

Rutebeskrivelse

Frå Bæverfjord tek du av oppover Bøverdalen. Eit par hundre meter etter at du har passert Bæverfjord oppvekstsenter, ligg det eit steinbrot på øversida av vegen. Herifrå går du oppover lia etter skogsvegen. Ganske raskt skimtar du gapahuken til skuleungane i grenda. Eit par hundre meter lenger opp deler vegen seg. Sving til venstre og fortsett oppover i retning ut fjorden. Du kjem snart inn i eit granfelt, og når vegen deler seg på nytt, svingar du oppover til høgre. Gå til enden av skogsvegen. Der går du rett opp nokre få meter til du ser stien som fører deg vidare innover igjen og oppover mot Solligjerdet.

Adkomst og parkering

Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter eller steinbrotet like ovanfor oppvekstsenteret. Unngå parkering i steinbrotet når det pågår arbeid der. Dersom det ikkje er aktivitet i steinbrotet, kan du parker der. Viss ikkje er det god plass ved oppvekstsenteret berre eit par hundre meter nedanfor.
Fottur
Blå
Lengde
3 km tur/retur
Stigning
235 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 1,5

Offentlig transport

Sjølv om det går ein del bussar gjennom sentrum i Bæverfjord, vil det nok vera for lenge mellom avgangane til å få det til å passe med denne turen.

Annet

Sjølv om det går ein del bussar gjennom sentrum i Bæverfjord, vil det nok vera for lenge mellom avgangane til å få det til å passe med denne turen. Stien er merka og skilta.

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000)/kart ikkje nødvendig.
Kjørebeskrivelse
Print ut