English

Sollia

Sande

Kort om turen

Sollia er høgaste fjellet i Sande kommune og i Herøy kommune, men heile turen går på Herøysida av kommunegrensa. Den vestlegaste toppen er høgaste topp i Sande, 660 moh, den austlegaste toppen er høgaste topp i Herøy, 661 moh. God utsikt i alle retningar, du ser Herøy, Sande, Ulstein, Sunnmørsalpane og Vanylvsfjella.

Ruteskildring

Start turen ved lysløypeparkeringsplassen på Leikongeidet. Råsa går nordvestover opp gjennom dalen, når du kjem opp på kanten snur den mot nordaust og fylgjer ryggen opp til ein liten topp, går eit lite stykke til mot nordaust, for så å gå mot nord og mot nordvest over myrane, når du kjem over myra og opp på kanten går råsa mot vest over ei stor myr, når du har passert den myra skal du opp på ein topp merka med 598m på kartet, når du kjem opp på den toppen ser du Sollia, råsa går då nedover til eit lite vatn og går på sørsida av vatnet, derifrå går råsa beint mot Sollia og kjem opp på høgresida av toppen og fylgjer ryggen siste meterane opp. Der er også råser som kjem opp frå Moldtustranda og frå Tjørvåg.

Tilkomst og parkering

Fv 61 ved lysløypa på Leikongeidet i Herøy. Parkeringsplass ved lysløypa.
Fottur
Rød
Lengde
5,42 km en vei
Stigning
580 m
Tidsbruk
4 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
661 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 10,8

Offentleg transport

frammr.no

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre, M711 1119 I, II, III, IV, Sunnmorskart.no
Køyreskildring
Print ut