English

Solemssetra frå Litlvika

Surnadal

Kort om turen

Dette turmålet er ei lita naturperle som ligg på ein lun rabb i lia over Hamnesfjorden. Setra ligg berre vel 300 meter over havet, men har likevel ein utsikt som gjer ei bratt li vel verdt å gå. Dette er ein tur som passar som kvardagstrimtur, men også som søndagstur med dei minste. Sjå anna turbeskriving for ein mindre bratt veg til setra!

Ruteskildring

Parker på merka plass på nersida av vegen i Litlvika. Gå ca. 100 meter vidare utover og ta inn på skogsvegen på øversida av vegen. Herifrå følgjer du skogsvegen oppover lia og til endes. Deretter tek du inn på stien som går vidare heilt fram til seterstølen. Her er det fint å raste på det flotte utsiktspunktet framfor seterskjelet til Oppistua på Solem. Du kan så velje å gå same veg tilbake til Litlvika, eller du kan gå ein rundtur ved å følgje skilting ned til Oppistua Solem og gå tilbake til Litlvika etter bygdevegen.

Tilkomst og parkering

Frå Bele i Bøverfjorden tek du av i krysset mot Flessa. Køyr til Solem, ca. 4 km. Herifrå er ei anna rute merka opp mot Solemssetra. Køyr forbi denne første skiltinga og vidare ein stor kilometer til Litlvika. Her parkerer du på merka plass på nersida av vegen.
Fottur
Blå
Lengde
1,9 km en vei
Stigning
289 m
Tidsbruk
1 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
315 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,8

Offentleg transport

Nei

Anna

Viss du går rundtur: Lukk grinder etter deg!

Kart

Turkartet «Fjordruta» (1: 100 000), friluftskart for Surnadal
Køyreskildring
Print ut