English

Sørtussen

Gjemnes

Kort om turen

Fottur til eit av dei høgste stupa på Nordmøre! Fin tur i flott terreng som gjev deg ei fantastisk utsikt frå toppen som ligg på grensa mellom Eide og Gjemnes.

Ruteskildring

Følg merka sti frå parkeringa til Trolldalsvatnet. Hald fram på stien langs vatnet og etterkvart opp lia til Fagerdalsvatnet. Her er eit flott område for matpause. Det er dårlig sti til toppen av Sørtussen, så det er berre å finne lettaste veg opp den første bratte lia. Det flatar ut oppover mot toppen. Luftig på toppen, men toppområdet er stort og flatt så ein treng ikkje gå ut på kanten! Same veg ned igjen.

Tilkomst og parkering

Åndalssetra. Køyr til Batnfjorden og ta av mot Åndal. Bomveg, kr. 30, til Åndalssetra. Køyr så langt vegen går og parker på parkeringsplass på nedsida av vegen. Stien startar på motsett side av vegen, merka mot Trolldalsvatnet/Fagerdalsvatnet. Parker på parkeringsplass i enden av bomvegen til Åndalssetra.
Fottur
Blå
Lengde
6 km tur/retur
Stigning
750 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3,2

Kart

Turkart Molde eller Topografisk kartserie - M711 - Blad 1320IV Eide
Køyreskildring
Print ut