English

Søre-Eika

Ulstein

Kort om turen

Turen over Eika er ein enkel tur som går på grusa veg. Ein tur som passar for dei aller fleste, og kan også gjennomførast med barnevogn og rullestol. Turen går i flotte omgjevnadar frå norsida til sørspissen av Eika, der du har nydeleg utsikt mot Yksnøya, Voldsfjorden og Velsvika i sør, og inn Rovdefjorden i sørvest.

Rutebeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen rett aust for innkøyringa til Eiksundtunellen. Etter ca. 200 meter deler vegen seg, og ein tek her til høgre for å gå grusvegen over til Søre-Eika. Vegen går rundt Eikenakken til Høgda, der ein kan raste, og så vidare utover. Nesten ved enden av grusvegen kjem du til ei grind, og her kan ein snu. Det er også mange fine plassar å gå til langs fjøra for den som ynskjer.

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta, ta Eiksundsambandet gjennom Eiksundtunellen, og sving til høgre før Eiksundbrua. Frå Ulstein/Hareid/Fosnavåg, køyr mot Volda/Ørsta, og ta til venstre rett før Eiksundtunellen. Parkering rett etter avkjøring. Gode parkeringsmuligheter ved start, rett etter avkjøring frå hovudvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
2,4 km en vei
Stigning
60 m
Tidsbruk
1 t. 25 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Kjørebeskrivelse
Print ut