English

Snøhornet - Bekarshornet - Sæsshaugen (Lauvstad)

Volda

Kort om turen

Snøhornet gir eit rundskue som du seint gløymer, og omgrepet "fjord og fjell" gir meining!

Ruteskildring

Turen til Snøhornet er i "Fotturar på Sunnmøre" omtalt som ei middels tung rute på 3 km, frå 180 til 1025 moh. Voldingar som ikkje tek med bil på ferja kan få 2 km ekstra trim. Frå vegen mellom Lauvstad og Steinsvika tek du av til høgre etter knappe 2 km, og kjem opp til parkering nær Løndalen. Ved traktorvegen oppom parkeringsplassen er det skilta til Snøhornet.Gå først sør for granskogteigen og opp på åsryggen. Vidare vert det kjekkare sti oppover ein attgrodd steingard til ei hytte på 700m. Så to bratte kneikar til den luftige og smale egga med svært enkel klyving. Bekarshornet er sørenden av Snøhornmassivet. Med retur frå Snøhornet om denne toppen får du ei heil rypejegerrunde ned langs ein fjellrygg til sætra Sæsshaugen. Frå Sæsshaugen på delvis hellelagd sti med trapper og gjennom klynger av lerkeskog tilbake til starpunktet.

Tilkomst og parkering

Frå Lauvstad køyrer du sørover langs fjorden på Fv 40. Ta av til høgre opp Åsevegen etter knappe 2 km. Du kjem opp til god parkering ved Sætreåsen. Gratis parkering. Parkering nær Løndalen. Inge parkeringsavgift
Fottur
Rød
Lengde
9,90 km rundtur
Stigning
919 m
Tidsbruk
4 t. 55 min.
Høyeste punkt
1005 moh

Løype på kart

Kart

Turkart Sunnmørsalpane og turkart Vanylven
Køyreskildring
Print ut