English

Snøhornet (Austefjord)

Volda

Kort om turen

Snøhornet ligg mellom Austefjorden og Aldalen. Dette er ein variert tur med fantastisk flott utsikt.

Rutebeskrivelse

Frå parkeringsplassen går det sti opp til ein skogsveg. Følg skogsvegen til endes. Herifrå går stien over eit litt vått område og opp ei li. Når du har forsert denne, svingar stien til høgre og går rundt ein kolle. Følg stien vidare opp ei kort "kneik". Du kjem opp i fin fururskog der du har utsikt mot Austefjorden. Når du har passert denne skogen, skal du gå på nordsida av fjellet. Stien dreiar etterkvart opp på ryggen som du skal følge vidare. I 920 meters høgde (N62° 06.196' E6° 15.258') deler stien seg. Du kan velge om du vil gå over Keipen, eller om du vil følge ei vardemerka rute på nordsida av Keipen. Turen over Keipen gir beste utsikta, og det er liten skilnad i lengde. Begge rutene er logga i denne turomtalen. Siste 200 høgdemetrane går du i ur. Det er stort sett god synleg sti eller vardemerking på heile turen. Tidvis også eldre raude merke som du kan gå etter.Det er god turomtale i boka "Fotturar på Sunnmøre"

Adkomst og parkering

Køyr frå Volda mot Stryn på E39. Omlag 1 km etter Hjartåbergtunnelen skal du ta av på Aldalsvegen mot Vatne. Køyr ein knapp km til like før ei bru. Her er det plass til å parkere bilen. Stien startar i bakkant av parkeringsplassen. Parkering ved Aldalsvegen, like før du kjem opp til ei bru
Fottur
Rød
Lengde
10,7 km tur/retur
Stigning
1124 m
Tidsbruk
5 t. 30 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 10,3

Kart

Søre Sunnmøre

Lenke til turbeskrivelse

Turomtale - Iriss forlag
Kjørebeskrivelse
Print ut