English

Snaufjellet

Ålesund

Kort om turen

Middels tung tur på ca.11 km. tur/retur med god stigning frå ca 90 m.o.h. til toppen på knapt 900 m med start frå Giskemosaga. Følg merking til Lisetsetra og Snaufjellet. Ope og triveleg turterreng frå Lisetsetra på merka rås. Det er flatt og fint på toppen, men bratt mot nord. Utsikta er flott mot Vaksvikfjella og Stordalsfjella.

Ruteskildring

Start på Giskemosaga like ved fylkesvegen over Giskemo, rett sør for brua på Valgermo. Følg skilting til Lisetsetra og Snaufjellet. Starten går på traktorveg opp gjennom tett granskog. Elva Øyagrova kan vere litt vanskeleg å passere i mai når snøen smeltar. Merkepinnar viser vegen frå Lisetsetra og vidare opp mot toppen. Frå Lisetsetra er terrenget ope med god utsikt. Returen kan ein gjerne gjere i retning Høgsætra slik at du får ein fin rundtur. Da må du følgje ryggen ned mot tovardane før du tek av mot Høgsetra. Frå Høgsetra er det merka tilbake til Giskemosaga. Det lettaste er å gå same veg tilbake til Lisetsetra og Giskemosaga.

Tilkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra, Høgsetra og Snaufjellet. Giskemosaga

Fottur
Rød
Stigning
799 m
Tidsbruk
4 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
873 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Offentleg transport

Fram ekspress til Valgermo.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut