English

Slyngstad- Fannevatnet

Ålesund

Kort om turen

Koseleg og småkupert grusveg langs eit vatn med nokre små og fine badeplassar. Sætra er eit naturleg snupunkt og ein fin stad for bålkos. Turen passar også for barnevogn og sykkel. Tur og retur same veg

Ruteskildring

Parkering ved brua på oppsida av hovudvegen ved Slyngstad. NB: Parker ikkje ved, eller på, dyrkamarka på nedsida av hovudvegen! Det sperrar for tilkomsten for dei som bur nede ved sjøen, og øydelegg slåttemarka for grunneigar. Når det ikkje er tele, er det råd å køyre opp den bratte bakken i starten på turen til ein liten parkeringsplass på toppen. Gå grusvegen langs Slyngstadvatnet som etterkvart skiftar namn til Fannevatnet. Dette er langstrakt vatn som har to ulike namn i sør og nordenden. Det er fleire små strender og badeplassar langs vatnet. Og ved Sætra er det benkar og opparbeida bålplass.

Tilkomst og parkering

Ved brua på oppsida av riksveg 659 ved Slyngstad, eller, når det ikkje er tele, på den vesle parkeringsplassen etter den bratte bakken i starten på turen. Unngå parkering på nedsida av hovudvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
2,8 km en vei
Stigning
95 m
Tidsbruk
3 t. 5 min

Løype på kart

Val for kartet:

Offentleg transport

Kart

Turkart Ålesund (Statens kartverk)

Lenke til turskildring

Turkort til Slyngstad- Fannevatnet
Køyreskildring
Print ut