English

Slogen frå Øye

Ørsta

Kort om turen

Slogen er ein av dei mest besøkte toppane i Sunnmørsalpane. Den står på topp 10 lista over beste fjellturar i Norge. Du har ei fantastisk utsikt frå Slogen, ut Norangsfjorden i vest, mot Brekketindane i nord, mot Smørskredtindane i aust og mot Jakta i sør.

Ruteskildring

Turen til Slogen er hard for føtene, du har ei gjennomsnittstigning på 22 grader frå parkeringsplassen til toppen og ca 38 grader i snitt dei siste 100 meterane. Her er også eit parti på 10 meter med opp mot 60 grader, så det siste stykket krev enkel klyving, men mange klarer dette fint uten sikring. Er der mykje folk på toppen, så vent på tur. Det bør ikkje vere meir enn ca 10 personar på det lisje topplatået i ein gong.

Turen går etter det som er heiter Slogråsa. Frå parkeringsplassen går du over vegen og opp forbi eit hus og mot aust over dyrkamarka til du kjem til ein vårfjøs, då tek du til venstre opp gjennom skogen, råsa er god å finne heilt opp til toppen. Ca på kote 600 moh. finn du einaste plassen kor du kan fylle vatn på turen. Om sommaren kan imidlertid denne kjelda vere tørr.

Vidare går råsa oppover i bratt, men lett terreng, når du kjem opp på kanten austa på Slogen på ca 1200 moh., kjem du inn på råsa som kjem frå Patchellhytta. Her er ein fin plass å stoppe og studere ruta til resten av turen. Herifrå går råsa for det meste på stein og berg, Tidleg på året kan det også hende at du må krysse snøbreear her oppe. På hard snø må ein vere merksam på utglidingsfare. Råsa går no vestover mot toppen. Før du når den siste bratte kneika, kan det vere ein fordel å stoppe og ta ruta i augesyn og velje seg ut kvar ein skal gå, for her må du vere trygg på rutevalget og bruke hendene som sikring. Følg same ruta tilbake.

Tilkomst og parkering

Frå vest: E39 til Ørsta, ta av i Ørsta sentrum skilta til Sæbø og køyr fv 655 til Sæbø og ta ferje til Leknes og køyr fv 655 til Øye, ca 1 km austapå Øye sentrum finn du parkeringsplassen på høgre side av vegen. Frå aust: Ta av frå fv 60 ca 4 km vestapå Hellesylt og køyr fv 655 mot Øye og stopp på parkeringsplass på venstre side av vegen ca 1 km før Øye sentrum. Parkeringsavgift. Parkeringsplass på sørsida av fv 655 der råsa startar. Parkeringsavgift.

Fottur
Svart
Lengde
3,7 km en vei
Stigning
1527 m
Tidsbruk
5 t. 30 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1564 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7

Anna

Ta med drikke, det er vanskeleg å finne drikke i nærleiken av råsa. Sjå også turen Slogen frå Patchellhytta på Stranda kommune.

Kart

Sunnmørsalpane aust, M711 1219 III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut