English

Slette og Brudesløret i Eikesdal

Molde

Kort om turen

Du er inst inne i Eikesdal på Finnset. Her opplever du eit kulturlandskap langs ein idyllisk traktorveg i ein trang dal med steile fjellveggar. Om våren og tidleg sommar brusar elva forbi og fossane kastar seg brølande utfor i ville kvite kast. Fossen Brudesløret er fantastisk. Rett under den ligger ein gapahuk. På kartet heiter fossen Slættabekken

 

Rutebeskrivelse

Du starter frå Finnset i Eikesdal, i enden av Fv191. Frå parkeringsplassen utanfor gardstunet følger du traktorvegen innover den trange dalen. Passerer eit bolighus på venstre hand og deretter gjennom ei grind. Husk å lukke den etter passering. Du følgjer denne flate og idylliske vegen heilt fram til Slette og gapahuken under fossen som blir kalla Brudesløret. Den flate vegen innover er berre avbrote av nokre få mindre bakkar. Tidleg på våren og sommaren beiter det sau i området. Vegen går også forbi gigantiske store steinblokker. Ligger som tause vitner og bevis på naturkreftene her inne. Nokon eldgamle. Andre av nyare dato. Dei siste store steinblokkene du passerer kom i 2016-2017. Du ser gapahuken rett under den flotte fossen Brudesløret. (På kartet Slættabekken) Du kan også bruke sykkel inn til Slette.

Adkomst og parkering

Du køyrer til Eresfjord via Rv660 og vidare langs Eikesdalsvatnet Fv191 til Eikesdal og heilt opp til Finnset, inst inne i Eikesdalen. Ta til venstre over brua på Finnset og vidare rett forbi gardshusa. Der er det parkeringsplass. Ved gardstunet på Finnset.
Fottur
Blå
Lengde
2,81 km en vei
Stigning
85 m
Tidsbruk
1 t. 45 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Nei

Annet

Heile området frå Finnset og innover mot Aurstupet er eit kulturlandskap med rik flora og fauna. Aurstupet er ein skjult foss inneklemt inst inne i dalen og er ein del av elva Aura. Som følgje av Aura-utbygginga på 1950-tallet (kraftutbygging) er elva tørrlagt det meste av året. Etter ca 2,4 km ved ein bratt bakke opp er du i Hissura. Her ved elva er det to gamle bru-kar. Segna fortel at ein fredelaus mann som heitte Per-Nils skal ha hoppa over elva her for å sleppe unna «mannhysingen».

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra
Kjørebeskrivelse
Print ut