English

Sledalen- Bakkedalen

Volda

Kort om turen

Fin tur i lett terreng mellom dei to sætredalane Sledalen og Bakkedalen. Passar godt for barnefamiliar. Høgaste punktet er på Skjerva (405 m.o.h , der det er turbokkasse. Ruta er merka med raudmåla pinnar i trea i skogen og med raudmåla trestolpar nedslått i marka i ope og myrlendt terreng. Noko tett fonnskog eit stykke, men er godt rydda no.

Ruteskildring

Frå parkeringa ved kufella nedom Saursstøylen i Sledalen går du ca.1 km på traktorveg på oppsida av dyrkamarka før du kjem til eit skilt som viser starten på den merka råsa til Bakkedalen. Herifrå går turen på godt merka sti i slakt terreng mot Skjerva og Bakkedalen. På den første delen av stien er det ein del småbekkar som renn, så dersom det er stor vassføring kan det vere ein fordel med godt fottøy. Grunna ei stor fonn i vinter er det eit parti som med knekte bjørketre over stien. Der er det litt utfordrande å ta seg fram, og dei raude merka er ikkje so synlege. På Skjerva er det plassert ei turbokkasse. Herifrå kan du gå vidare mot Bakkedalen eller returnere til Sledalen. Barnevenneleg tur.

Dersom du vel å starte frå Bakkedalen og har parkert ved fellesfjøsen der, går du litt tilbake på bilvegen til du kjem til eit vegkryss der det er skilta mot Sledalen. Her går du nokre hundre meter oppover vegen og tek av mot Sledalen før du går over ei bru. Godt merka sti vidare mot Skjerva og Sledalen. Kan tidvis vere noko vått i råsa. Ikkje så langt frå Skjerva er det nokre furuer og ei av dei skal vere den såkalla Bjønnafurua. Det var i dette området den siste bjørnen i området vart skoten.

På Skjerva kan du gå vidare mot Sledalen, eller returnere tilbake til Bakkedalen.

Tilkomst og parkering

Dersom ein skal starte i Sledalen, tek ein av ved kufella framom Skjåstad og køyrer ca. 3,5 km på bra bilveg opp til den skilta parkeringsplassen ved kufella nedom Saursstøylen. Kr 30 i bompengar. Ta omsyn til drifta på fellesfjøsen. Dersom ein skal starte i Bakkedalen, køyrer ein forbi skulen på Bjørke, for så å svinge til venstre mot Finnes. Køyr ca. 2,5 km til Finnes, for så å køyre vidare ca. 5.5 km til Bakkedalen. Kr 45 i bompengar. Her kan du parkere ved stølsområdet/ fellesfjøsen.
Fottur
Grønn
Lengde
3 km en vei
Stigning
95 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
407 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Betalingsmiddel for bomvei

Bom Sledalsvegen: Kr.30 som betalast kontant. Bom Bakkedalsvegen : Kr.45 som betalast på SMS.
Køyreskildring
Print ut