English

Skulen

Haram

Kort om turen

Turen startar ved Coop Marked på Longva. Litt bratt i starten, men brei og fin rås. Fin fjelltur med god utsikt. På toppen kjem ein til Skulebua med utsikt i alle himmelretningar – i tillegg til havhorisonten og fjellrekkene på fastlandet.

Ruteskildring

Skulen er høgste punktet på Flemsøy/Skuløy. Start ved Coop Marked på Longva. Ein går opp ved sidan av Kvernhuselva og følgjer stien til toppen av elva. Her kjem til eit skilt merka med Bakkedalen. Følg skilta vidare, merka til Skulen og Stølshaugane. Det er fleire stiar opp til Skulen, men vi har i denne turen valgt å gå mot Stølshaugane. Det er ei god rås i eit myrlendt terreng som kan vere vått. Heile vegen mot toppen er det ei fantastisk utsikt. Ved Stølshaugane er det nytt skilt merka Skulen. Då er det berre å følgje råsa til Skuletoppen. Ein kan velgje å gå same vegen tilbake til Coop Marked eller følgje andre turstiar tilbake (Sjå turkart i Skulebua). Skulebua har også informasjonstavle som viser alle fjelltoppar og øyar i alle himmelretningar. Fint å raste, sitteplassar både ute og inne.

Her er filmsnutt frå toppen:
https://www.facebook.com/longvaflemskuloy/videos/502622366830597/

Tilkomst og parkering

For å komme til Flemsøy/Skuløy køyrer ein over Nordøyvegen frå Skjelten. Etter to av bruene tek ein til høgre i rundkjøyringa og gjennom tunnel til Austnes. Ta til venstre i rundkjøyringa og vidare langs Ullavegen til Ulla, så over Ullabrua vidare mot Flem. I krysset tek ein til høgre mot Longva på Longvafjordvegen. Etter ca 2 km, ved Flem Skule, deler vegen seg. Ta til venstre og etter ca 400 m på venstre side kjem de til Coop Marked der ei kan parkere. Turen startar der.

Fottur
Blå
Stigning
467 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
492 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut