English

Skolma frå Flø

Ulstein

Kort om turen

Skolma ligg ytst ute på Hareidlandet. Du har flott utsikt mot Ålesund, øyriket og storhavet. Vil du oppleve solnedgang/-oppgang er dette ein flott plass å gjere det på!

Ruteskildring

Start der vegen endar på Ytreflø. Gå på grus-/traktorveg i om lag 2 km før stien går oppover Ytreflødalen. Det er tydeleg sti og det er skilta, så vegen er lett å finne. Du kryssar etter kvart eit par elver. Etter dette går stien over eit litt myrlendt område, opp ei lita kneik og snart er du på stien som går langs fjellkanten. Stien er tydeleg og utsikta er fantastisk heile vegen til topps. Heilt på slutten er stien litt utydeleg, men du ser kvar toppen er og det er berre å sikte seg inn mot den. Kommunegrensa mellom Ulstein og Hareid går gjennom toppen, men denne ruta går i sin heilskap i Ulstein kommune. Går du frå Varden og utover, er du i Hareid kommune.

Om du vil, kan du gå turen som ein overgang over til Brandal. Skolma frå Brandal - Fjellglede

Tilkomst og parkering

Køyr utover gjennom Ulsteinvik sentrum og ta av mot Flø i Osneskrysset. Følg Fløvegen/FV5882 heilt til endes, knapt 10 km. Parkering der vegen sluttar.
Fottur
Rød
Lengde
5,03 km en vei
Stigning
626 m
Tidsbruk
4 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
635 moh
Merking
Skiltet

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6,2

Offentleg transport

Det er nokre bussruter frå Ulsteinvik til Flø: http://www.frammr.no

Anna

Det er bandtvang heile året i området. Sjå oppslag ved parkeringsplassen

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre
Køyreskildring
Print ut