English

Skogsvegen på Tøssa

Ålesund

Kort om turen

Starten av turen går på god, brei skogsveg forbi bergknausar og gjennom stor, fin furuskog. Innimellom kjem det opnare parti med frodig lauvskog. Utsikta er spesielt fin i starten over Tøssa og i enden av stien på Kleivane der stien fortset til Liafjellet.Turen egnar seg godt for familietur med gode høve til blåbær- og tyttebærplukking i sesongen. 

Ruteskildring

Start ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen. Gå vestover langs gangvegen ca. 200 meter. Gangvegen går snart over i grusveg og etter vel 100 meter tek vi av til høgre og går langs god skogsveg som litt etter litt blir dårlegare. Skogsvegen slyngar seg raskt oppover og austover. Flott utsikt over fjord og fjell. Skogsvegen går over i ein tydeleg og god sti som går gjennom furuskogen fram til det opnar seg heilt opp og vi er på Kleivane. Her er det ein turkasse for Ørskog I.L. ca 100 meter oppover stien som går vidare til Liafjellet.

Tilkomst og parkering

Ved E 39 5,4 km frå Sjøholt sentrum i retning Ålesund, i Tøssasvingen. Skogsvegen blir ikkje brøyta om vinteren. Ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen.
Fottur
Grønn
Lengde
3,2 km tur/retur
Stigning
115 m
Tidsbruk
1 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
119 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,4
Grus 2,8

Offentleg transport

Buss: Fram Ekspress, eller andre bussar t.d. Fjord1

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON