English

Skjervheimsdalen - Blåfelden - rute 71

Vanylven

Kort om turen

Skjervheimsdalen er den løyndomsfulle dalen som mange, også i Vanylven, ikkje kjenner til. Det er ein flott tur for alle aldersgrupper å gå vegen frå fjorden og opp til Skjervheimsstøylen på enden av bilvegen, og gjerne vidare. Men det er og mogeleg å køyre til Skjervheimsstøylen og gå t.d. ei lettare rute til Blåfelden enn den vanlege ruta dit.

Ruteskildring

 Den aller lettaste ruta til Blåfelden og Svartetua med utsyn mot Syvde og Eidså startar ved øvste enden av vegen i Skjervheimsdalen. Og vil ein gå ein rundtur kan ein også gå dalen til endes og ta ei runde via Fugelhaudet, Tua og Røsteheida tilbake til Skjervheimsstøylen.Frå Skjervheimsstøylen går ein over brua og følgjer deretter traktorvegen til endes. Der kan ein enten gå rute 70 til Vidnesstøylen, eller rute 71 til den øvre enden av Skjervheimsdalen. Det er litt skiftande underlag og nokre litt våte parti, men elles greitt å gå.

I øvre ende av dalen møter ein rute 54 i Nonsskaret om lag midtvegs mellom Blåfelden og Fuglehaudet i ei høgde av ca 685 m.o.h. Begge desse rutene er merka med merkepinnar eller blå merke på stein eller liknande. Ruta som viser på kartet for denne turen på morotur er frå enden av vegen i Skjervheimsdalen og til Blåfelden, medan avstandane som er oppgitt er enden av bilvegen og til øvste enden av dalen Heile dalen har mest truleg vore ein U-dal etter siste istid, men elva har forma den delen som er nedanfor Skjervheimsstøylen til ein V-dal. Lenger oppe blir dalen etter kvart ein vid U-dal der 2 botnbrear har lagar botnar som utvidar dalen endå meir. Midt i dalen har botnbreen lagt igjen Skjervheimsvatnet som er ein typisk botnsjø, og lenger oppe i dalen er det ein mindre tydeleg botn på nordvestsida av Fuglehaudet. Skjervheimsdalen endar ved Nonsskaret der ein ser det går bratt ned til Saurdalen og Myklebust i Syvde.

Tilkomst og parkering

For å kome til Skjervheimsdalen tek ein av frå riksvegen på Lisjebøen 130 meter nord for brua over Skjervheimselva. Vegen opp dalen til Skjervheimsstøylen går på nordsida av elva, og dermed på venstre sida av eleva på veg opp dalen. Går greitt å parkere nær riksvegen, eller ved enden av vegen opp Skjervheimsdalen
Fottur
Blå
Lengde
3,5 km en vei
Stigning
497 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
814 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Kart

Turkart for Vanylven - til sals i butikkar og på bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut