English

Skarven

Surnadal

Kort om turen

Det er spesielt utsikten frå toppen og på turen ned igjen som gjer denne turen til ei oppleving. Dessutan byr turen opp til 649 moh. på god trim! Det første stykket oppover følgjer du skogsveg, og det er relativt hardt og godt underlag også når du seinare kjem inn på sti. Berre det siste stykket heilt opp mot toppen kan det vera litt bløytt. 

Ruteskildring

Køyr oppover Bøverdalen til du kjem til Seterbøen, nesten 4 km frå krysset i Bøverfjorden. Parker ved skilta parkering for Tverrlihytta på høgre side av vegen, ved Borstua. Gå eit par hundre meter tilbake etter vegen. Eit skilt på høgre side viser der vegen mot Tverrlihytta. Kryss ekra og følj skogsvegen og skiltinga vidare mot Tverrlihytta. Etter ein stor kilometer viser eit skilt kvar du forlet setervegen og tek inn på stien som fører deg vidare oppover mot toppen av Skarven. Seinare følgjer stien ei slå som skrår seg oppover fjellsida. Gå til det flatar ut og det ligg ei lita tjønn på venstre side av stien. Denne rundar du. Følj merka sti mot toppen.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Borstua, Seterbøen.

Fottur
Rød
Lengde
2,95 km en vei
Stigning
633 m
Tidsbruk
3 t. 5 min
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
638 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 3

Offentleg transport

Nei

Anna

Om våren ligg det ei fonn rett før du kjem opp til toppen. Her kan merkinga ligge under snø. I så fall kan du peile deg inn på eit einekratt du ser ovafor deg mot himmelen. Der fortsett merkinga. Vanlegvis er snøen fast slik at det ikkje er problem å krysse fonna. Viss ikkje, bør du gå rundt!

Kart

Fjordruta
Køyreskildring
Print ut