English

Skarsvegen frå Rakvåg

Molde

Kort om turen

Skarsvegen starter ved Holsvatnet og går gjennom Trollskaret og over Heggdalssakret til Sør-Heggdal. Dette er den første offentlege vegen i Midsund og sto ferdig i 1878. Denne vegen batt innsida og utsida av øya saman.

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen følgjer du vegen vidare og kjem først til Villmarksleiren som Midsund Jeger- og Fiskeforbund har laga ved Holsvatnet. Der er eit flott bålhus med benkar utanfor. Vegen går vidare fram til den delar seg og du kan ta av og følgje Skarsvegen til venstre mens vegen rundt Holsvatnet går til høgre. Vegen går då gjennom Trollskaret og vidare mot ei bratt stigning, før du kjem fram til Stikk UT!-posten. Her er det også ein gapahuk kor du kan ete nista di mens du nyt utsikta utover Rakvågen, Raknes, Tangen og øyane utanfor.

Tilkomst og parkering

I Rakvågen tek du av frå hovudvegen ved busslomme og ved nedlagt butikk. Der er merket med Stikk UT!-skilt ved vegen. Hald til venstre der vegen delar seg først og ta til høgre i neste kryss. Då kjem du etter kvart til parkeringsplass til Holsvatnet og Skarsvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
1,47 km en vei
Stigning
177 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
157 moh

Løype på kart

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden
Køyreskildring
Print ut