English

Skafjellet

Hareid

Kort om turen

Ein lett tilgjengelig tur på Hareidlandet. Flott utsikt frå toppen og gode moglegheiter for å gjere turen endå lenger enn det som er omtala her. Ligg det snø, kan du gå turen på ski eller truger. Delar av ruta er svært godt merka og stien er under opparbeiding. Her er ildsjeler som gjer ein viktig jobb med å steinsette og drenere våte område.

Rutebeskrivelse

Turen startar i byggefeltet på Bigset i Hareid kommune i Oreteigen, på ein skogsveg. Denne turen har ei rute opp (Bigsetråsa) og ei anna rute ned att. Ruta ned att er svært god merka ned til ein skogsveg. Her i frå er det ikkje merking, men lett å finne vegen viss du følger omtalen her.Følg skogsveg frå Oreteigen. Etter knapt 1 km, ved (N62° 21.597' E5° 57.25str1'), tek du av på sti oppover skogen til venstre. Om litt kryssar du skogsveg. Fortsett vidare på sti. Her er det skilta "Bigsetråsa". Stien fører deg vidare opp til enden på ein skogsveg. Her i frå går stien vidare slakt oppover. Om litt går du over eit myrlendt parti og stien kan vere litt utydeleg. Stien vidare er tydeleg og går oppover mellom ei raud hytte og ein stor stein. Når du har passert hytta, ser du etterkvart nokre skilt. Følg lett skrånande rygg til Skafjellet. Returen følger ei godt merka rute ned til ein skogsveg, vidare langs godt merka sti, forbi ein drikkeplass i enden av ein skogsveg, vidare ned gjennom skogen til du kjem ned til ein skogsveg. Her er det ikkje merka lenger. Følg skogsvegen. Ta første sving til venstre, så første til høgre. Når du kjem ned til der du tok av på sti på turen oppover, svingar du til venstre på ein sti ned skogen, over ei bru og så følger du stien ned til eit gardstun. Følg vegen (Oreteigen) ned att til der du parkerte bilen.

Adkomst og parkering

Følg RV61 mellom Hareid og Ulstein.Ved Bigset barnehage, omlag 4 km frå Hareid fergekai, tek du av på Skogvegen. Turen startar i enden av Oreteigen. Parker i Oreteigen, men pass på at du ikkje står i vegen for nokon. Du kan også parkere ved Bigset barnehage
Fottur
Grønn
Lengde
5,9 km rundtur
Stigning
510 m
Tidsbruk
2 t. 45 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 3,6

Offentlig transport

Buss Hareid-Ulstein. Nettinformasjon på frammr.no

Annet

På ein parkeringsplass på grensa mellom Hareid og Ulstein er det ei tavle med kart over turar i området. Frå Skafjellet kan du gå vidare til andre toppar på Hareidlandet.

Kart

norgeskart.no
Kjørebeskrivelse
Print ut