English

Skåranipa frå Skår i Syvde – rute 43a

Vanylven

Kort om turen

Skåranipa stig temmeleg loddrett til vers like utanfor grenda Skår i Syvde, og viss ein vil oppleve det heilt spesielle fjellområdet mellom Skår og Syvdsneset er turen frå Skår og opp til Skåranipa den raskaste vegen. Det går og an å gå i tyngre terreng opp frå Syvdsneset, eller i langt lettare terreng men også langt lenger strekning frå Årskogdalen på Rovde http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Rovde-Breiteigsfjella-rute-25-43 Syvde IL har turpost på toppen av Skåranipa og viss ein er ute etter å skrive namnet sitt i fleire bøker kan ein gjerne kombinere turen til Skåranipa med ei runde innom Ulvenakken same dag. Frå Skåranipa kan ein oppleve ein fantastisk utsikt mot havet og øyane i vest og mot Sande/Herøy/Ulstein-området i nord. Vil ein ha ekstra krydder på opplevinga bør ein ta ein rundtur utover i retning mot Syvdsneset og få med seg den fantastiske rekka av alpine formasjonar. Kontrasten mellom dei ville fjellformene og det lette og fine landskapet på platået utover er også ei oppleving i seg sjølv.På veg tilbake frå denne rundturen med utgangspunkt i Skåranipa kan ein gjerne få med seg nordaustsida av platået mot Rovde. Her er det flotte botnar og imponerande stup ved Blåhamrane. I godt ver ser ein m.a. Gamlemsveten i Haram kommune og Sunnmørsalpane i aust.

Rutebeskrivelse

Første etappe av turen går frå parkeringa ved kraftstasjonen i Skår og opp til enden av vegen i Skåradalen. Denne vegen er bratt og gir litt tung men rask tilkomst til Skåradalen. I Skåradalen går ein framover i dalen og kryssar elva like ovanfor der elva Fossane kryssar elva i Skåradalen. Herifrå er det også grei og relativt lett tilkomst til Ulvenakken – rute 43b – der Syvde IL også har turpost. Vanlegvis går det greitt å passere elva tørrskodd. Turen går vidare over eit relativt tørt myrområde før ein kjem inn i bjørkeskogen. På slutten av bjørkeskogen kjem ein opp til nedre del av det området som truleg har gitt elva namnet Fossane. Herifrå og opp til platået på toppen går elva i ein lang samanhengande «foss» som ikkje er loddrett men likevel imponerande. Elveløpet her er svært spesielt med glattskurt underlag, og dalen som elva renn i er bortimot ein perfekt V-dal på grensa til å vere eit elvejøl (elvegjel). Frå der ein møter Fossane går ruta bratt oppover ryggen Nyklane. Dette er det brattaste partiet på turen og grunnen til at ruta har fått raud gradering. Gradvis blir det mindre bratt. Frå toppen av ryggen møter ein kontrasten til den bratte ryggen i neste paddeflate grasmarker med tydelege saueråser (sauestiar). Her går turen utover til Skåranipa i lett og raskt terreng.

Adkomst og parkering

I Skår er det skilta der ein tek av frå riksvegen. Etter å ha teke av frå riksvegen tek ein til høgre i første kryss og køyrer over brua. Rett etter brua tek ein til venstre og parkerer ved kraftverksstasjonen. Startpunktet på turen er skilta, og frå enden av vegen i Skåradalen og opp til Skåranipa er det merka med blå merkepinnar og blå markeringar på tre og terreng Ved kraftstasjonen i Skår er det tillaga for parkering.
Fottur
Rød
Lengde
3,93 km en vei
Stigning
755 m
Tidsbruk
3 t. 55 mi
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 4

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Kjørebeskrivelse
Print ut