English

Skålavegen

Ørsta

Kort om turen

Flott trimtur med nydeleg utsikt over Ørsta sentrum og Ørstafjorden. Ved tredje vasshus er det treningsutstyr med manualar og balansebrett dersom du ønsker styrketrening ute i det fri. Ved gapahuken, ca 150meter vest for 3."vasshus", er det både ovn og grill som kan nyttast dersom du tek med naudsynt tilbehør. Flott rasteplass. Vidare oppover kjem du til enden av grusvegen ved tunnelluttaket og lengre inn i Skåla. Saudehornet ruvar majestetisk. Start ved parkeringa ved vassrenseanlegget. Denne turen går forbi 3."vasshus", innom gapahuken og til tunnelluttaket (enden av grusvegen i Skåla). Retur same veg nedigjen.

Rutebeskrivelse

Fottur sommar som vinter, då mange går denne turen. Lyktestolpar frå vassverket til 3. "vasshus".

Adkomst og parkering

Frå Festøy på E39 i Kyrkjegata ta til venstre opp Garvargata, og til høgre der Garvargata deler seg, deretter første til venstre opp Vikegeila. Parker ved vassverket. Parkering ved vassrenseanlegget. Ingen parkeringsavgift.
Fottur
Blå
Lengde
3,5 km tur/retur
Stigning
375 m
Tidsbruk
1 t. 50 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Offentlig transport

Ta buss og gå av første buss stoppet i Kyrkjegata etter rundkjøringa i sentrum. Kartkoordinat N: 6899946 Ø: 350415

Kart

Landkart 1:50000 Ålesund
Kjørebeskrivelse
Print ut