English

Sjøholt sentrum

Ålesund

Kort om turen

Elvastien er ein idyllisk, universelt utforma turveg langs Ørskogelva. Her kan du nyte naturen i fred og ro utan trafikkstøy. Det er lagt til rette for gode møteplassar med bord, benkar og grillplass. Elvaløa ved den eine rasteplassen er reist i tradisjonell grindløeteknikk. Du passerer den flotte Steinholtbrua og Gamlebanken som Rotary har pussa opp slik han ein gong var. Bankparken har leikeapparat for barna, fontene, bord og benkar. Her står det ein spesielt fin paviliong med ein modell av Sjøholt hotell og ein gamal lokomobil som framleis av og til blir starta opp. Tilbake til sjøkanten finn du på nytt fin natur ved fjorden med båtlivet på hamna og idyllen ved elvaosen på Måsøyra.

Rutebeskrivelse

Du kan starte kvar som helst på rundturen, men her tek vi utgangspunkt i Ørskog kyrkje. Gå Elvastien langs Ørskogelva opp til Steinholt bru. Kryss elva over gangbrua og følg gangvegen under E 39 og sving til venstre i undergangen. Hald fram etter gamlevegen ned mot sentrum. Ta av til venste og gå gjennom bankparken, bak banken og Ørskog Samfunnshus. Følg gangvegen gjennom undergangen og gå vidare langs Kyrkjevegen til Økonomiservice. Ta av til høgre her og gå over til Småbåthamna. Her kan du gå ut på moloane på begge sider, først til høgre og så på venstre side. Gå deretter ut på Måsøyra der elva munnar ut i Storfjorden før du tek gangvegen tilbake til kyrkja.

Adkomst og parkering

Ørskog kyrkje, Ørskog samfunnshus, Steinholt eller Småbåthamna har alle gode parkeringsplassar. Merka HC - parkering ved Ørskog kyrkje.
Fottur
Grønn
Lengde
3,6 km rundtur
Stigning
130 m
Tidsbruk
1 t. 15 min.

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Asfalt 3,5

Offentlig transport

Timeekspressen, eller Fjord 1.

Annet

Delar av strekninga går etter bilveg med lite trafikk.

Kart

Ørskogfjellet
Kjørebeskrivelse
Print ut