English

Silsetvatnet rundt

Gjemnes

Kort om turen

Flott tur rundt Silsetvatnet, der du kan få med deg både kulturminne, gode fiskeplassar og rasteplassar m.m. Turen går for det meste på fast grusveg, og er trillevennleg.  Silsethytta med si historie ligg langs ruta. Det same gjer både Indergardssetra og Gammelsetra, med fleire bygningar og kulturminne frå ei aktiv seterdrift. På turen går du forbi Stokkåsen fjellgard. Vidare passerer du også demninga og rørgata frå Silsetvatnet.

Rutebeskrivelse

Denne turen kan du starte frå fleire plassar langs bilvegen som kjem opp frå Silset. Men vi rår til at du parkerer på Indergardssetra. Frå parkeringsplassen går du ca 100 m tilbake ned bakken og til venstre inn skogsvegen mot Randa. På vasskillet ved Randa tek du til høgre ned stien mot Stokkåsen. Her går du på sti ca 200 m fram til den gamle fjellgarden i Stokkåsen. Dette er det einaste partiet med sti. Frå Stokkåsen følgjer du traktorvegen ned bakken til demninga ved Silsetvatnet. Her kan du gå over demninga, eller du kan gå 100 m ned bilvegen og krysse elva på bru. Langs heile vestsida av vatnet går du på god traktorveg. Turboka ligg om lag 1 km frå demninga. Ved nordenden av vatnet kjem du inn på bilvegen att, og etter ca 1 km kjem du til Silsethytta. Ho er ikkje open, men kan leigast etter avtale med Kristiansund idrettsforening. Følg vegen vidare fram til parkeringsplassen på Indergardssetra.

Adkomst og parkering

Ta av frå E39 på Silset (ca 2 km frå Batnfjord sentrum i retning Molde). Følg bomvegen til Silsetfjellet og parker ved Indergardssetra. Du kan også parkere ved Silsethytta. Eit alternativ er å køyre frå Istad og fram til demninga på Silsetvatnet.
Fottur
Blå
Lengde
7,77 km rundtur
Stigning
226 m
Tidsbruk
2 t. 30 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentlig transport

Fram (http://www.frammr.no) køyrer ekspressbuss på E39 mellom Molde og Kristiansund. Denne stoppar på Silset, med avgangar om lag ein gong i timen på kvardagar. Frå busstoppet er det i overkant av 2 km opp til Silsetvatnet.

Betalingsmiddel for bomvei

Kontant og Vipps
Kjørebeskrivelse
Print ut