English

Saurdal - Osbrua - rute 51b

Vanylven

Kort om turen

Ein nydleg tur i vakkert kultur landskap langs Saurdalsvatnet. Turen går gjennom eit skjerma og lunt område (sørvendt) med ein litt spesiell vegitasjon som består av hasselskog, osp og høge einar. Ein ynda tur for sanking av hasselnøtter. Osbrua i Syvde, ved Jokerbutikken.

Ruteskildring

Turen går langs Saurdalsvatnet, Når ein startar i Saurdalen går ein på veg ca 1 km etterfulgt av sti. Nokre plassar er stien litt steinete. Når ein kjem til nordenden av Saurdalsvatnet kan ein alternativt gå over ei hengebru (N 62`04768 E 005`43655) som fører deg bort i Årøyane og vidare på gardsveg til Syvde.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde kjører ein fylkesvegen mot Saurdal. Når du har komme fram om Saurdalsvatnet (sørenden) tek du av i fyrste kryss mot høgre. Der står skilt ved postkasse med rute namn og nummer. Parkeringa ved sørenden av Saurdalsvatnet, før tredje ferista.
Fottur
Grønn
Lengde
3,5 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
55 min.

Løype på kart

Kart

Vanylven
Køyreskildring
Print ut