English

Sandvikhornet frå Løset

Sykkylven

Kort om turen

Frå Sandvikhornet har du fantastisk fin utsikt! Du ser store delar av Sunnmøre, fire fergestrekningar og du ser rett ned i Storfjorden. I denne turomtalen går ruta frå Løset. Den vanlegaste vegen er å starte frå Hjellane og gå via Vassætra eller Storevarden. Turomtale av den ruta finn du i lenka "Sunnmøres små og store fjellturer".

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen går du over ferista og omlag 50 m vidare. Her finn du ein gamal kjerreveg på venstre side av vegen. Denne skal du følge gjennom ei grind, på sti over ei mark og på oppsida av ei løde. Du skal gjennom ei ny grind, krysse ei nylaga skogsveg og så er du inne på stien. Følg stien til du kjem opp på ei høgde like før Løsetvatnet. Her deler stien seg. Du skal ta stien som går til venstre. Du ser no Sandvikhornet opp til venstre (mot nordvest). Følg stien vidare. Det er tydeleg sti til like før toppen. Då er han utydeleg eit lite stykke, men du ser kvar du skal så det er berre å sjå seg ut beste vegvalet. På Sandvikhornet kan du registrere deg i http://www.gjesteboka.no. Hugs å laste ned app-en på førehand.

Tilkomst og parkering

Frå RV60 tek du av mot Ramstaddalen på FV73 (Dalevegen). Du køyrer langs Andestadvatnet og kjem til eit nytt vatn (Litlevatnet). Her er det ei ferist. Rett før ferista er det plass til å parkere bilen Parkering like før ei ferist ved starten av Litlevatnet v/Løset
Fottur
Rød
Stigning
757 m
Tidsbruk
5 t. 50 min.
Høyeste punkt
845 moh

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 7,7

Offentleg transport

Det går buss i retning Ramstaddalen nokre gongar for dag. Sjå http://www.frammr.no. Det er også greit å sykle til turstart.

Kart

Turglede Sykkylven

Lenke til turskildring

Sunnmøres små og store fjellturer - Sandvikshornet
Køyreskildring
Print ut