English

Sandvikhornet frå Hjellane (ny)

Sykkylven

Kort om turen

Sandvikhornet ligg ved Storfjorden og har flott utsikt. Det er ein variert tur som går på skogsveg og sti. Undervegs passerer du flotte Vassætra/Fauskesætra.

Rutebeskrivelse

Hjellane er det vanlegaste utgangspunktet for tur til Sandvikhornet. Start frå parkeringsplassen på Hjellane. Gå vegen forbi gardane. Før du kjem til siste huset skal du ta av til venstre, over ei bru og passere ein bom. Følg skogsvegen som svingar seg opp til eit utsiktspunkt der det står ein benk. Gå vidare i omlag 500m; passer skiltet til Storevarden og ta av til høgre litt etterpå (N62° 25.129' E6° 36.411'). Gå denne vegen til endes og gå forbi hytta i enden av vegen. Litt utydeleg sti vidare, men gå rett fram og hald deg på nedsida av eit lite vatn. Ved punkt N62° 25.384' E6° 37.748' kjem du inn på stien frå Vassætra. Denne er tydeleg og du følger den vidare til topps. I 650 meters høgde er det eit lite skar. Her er det eit kort, bratt parti før du fortsetter vidare på ryggen til topps.På returen er det fint å følge stien heilt ned til vatnet ved Vassætra. Gå på sti på sørvestsida av vatnet. Du kjem etterkvart inn på vegen du fulgte opp, så då følger du denne ned att til utgangspunktet. Om du vil, kan du gå bort til setra og følge vegen ned att derifrå.

Adkomst og parkering

Frå Magerholm: Følg rv. 60 i 2 km før du tek til venstre ved Maxbo Frå Sykkylven (Aure): Køyr mot Magerholm. Like før 80-sona, tek du til høgre ved Maxbo Vidare er ruta lik: Først Grebstadvegen og så Åsvegen til endes Det er bra med parkeringsplassar på Hjellane, men det er eit populært utgangspunkt for turar, så her blir kan fort bli fullt. Det er likevel stort sett greit å finne plass, men pass på så du ikkje parkerer nokon inne. Ta hensyn til privat grunn. Alternativ parkering ved skulen.
Fottur
Rød
Stigning
696 m
Tidsbruk
7 t. 40 mi
Sesong
Vår, Sommer, Høst

Løype på kart

Valg for kartet:

Underlag Lengde i km
Sti 6,6

Annet

Om du vil, kan du gå over Storevarden. Du ser skilt der du skal ta av (450 m.o.h. - N62° 25.017' E6° 36.454'). Du kjem inn på stien til Sandvikhornet i det vesle skaret. Det er god sti til Storevarden. Litt meir sporadisk vidare, men du ser kvar du skal så det er ikkje vanskeleg å finne vegen

Kart

Turkart Sykkylven - Kan kjøpast lokalt

Lenke til turbeskrivelse

Sunnmøres små og store fjellturer
Kjørebeskrivelse
Print ut