English

Sandvikhornet og Storehanen fra Tjørvåg

Herøy

Kort om turen

Turen frå Tjørvåg eller Sandvik opp til Sandvikhornet er ein populær tur med flott utsikt mot øyane i nord. Terrenget vestover mot Storehanen er òg eit fint turterreng for fot- og skiturar, noko vi tilrår. Dei som kjem austfrå (Sandvikhornet) kan gå tilbake same vegen, eller gå over Selsteinen og returnere mot Tjørvåg via Slettheia og Øyrahornet (mellom Selsteinen og Øyrarhornet er det ikkje merkt, og berre stadvis ein svak sti). Frå Øyrahornet og ned til Tjørvåg er det merkt rute (sjå eiga turomtale på morotur.no). Frå Moltudalen er det fleire merkte ruter opp til Storehanen, men det er ikkje same stad som den merkte ruta frå Sandvikhornet går til. Forklaring: Ruta frå Tjørvåg eller Sandvika (via Sandvikhornet) går til det som på Norgeskart.no heiter Storehanen, 491 moh. På toppskiltet, som vil kome opp her i 2016, vil det stå: "Storehanen, høgste pkt. 491 moh." På Moltu-sida seier ein at denne toppen ikkje har eit namn, i beste fall Blåfjellet. Rutene frå Moltudalen går opp til eit punkt som ikkje er merkt på Norgeskart.no, men som har "Storehanen 471 moh." som toppskilt. På Økonomisk kartverk har dette punktet namnet Moltuhanen med ei høgd på 451,9 moh. Det er ikkje uvanleg at to bygder har ulike namn på det same fjellet. Om lag midt mellom Sandvikhornet og Storehanen står det ein varde på ei høgde som ikkje har noko namn på kartet. Fleire bruker denne varden som eit turmål. Øknomisk kartverk viser at denne kollen er ca. 440 moh. På eit historisk kart frå 1866 kan det sjå ut som om namnet er Rysseviktuen, men det kan òg vere namnet på den 425 meter høge kollen lengre aust. 425-kollen ligg nærast Ryssevika. Eit anna mogleg namn på 440-varden er Kjempekollen.

Ruteskildring

Denne sida omtalar rutene til Sandvikhornet og Storehanen frå Tjørvåg og Sandvika. Det går òg, som nemn over, fleire merkte ruter til Storehanen frå Moltudalen. Frå Tjørvåg:Frå nærbutikken i Tjørvåg krysser du vegen og følger veg ein snau km opp til Sandvikstaret; skilta "Skåla" og "Sandvikhornet"). Her finn du turkasse med bok. Frå Sandvikskaret fortsetter du rett fram om lag 250m og tek til høgre på sti skilta "Sandvikhornet". Følg stien til topps, 1 km. Her er det òg turkasse med bok. Frå Sandvikhornet held du fram vestover på merkt sti. Etter 1,7 km passerer du 440-varden. Herifrå er det 1,7 km til høgste punktet på Storehanen. Frå Sandvika:Køyr opp til parkeringsplassen og følgj grusvegen 0,4 km opp til Sandvikskaret. Herifrå følgjer du ruta om omtalt over.

Tilkomst og parkering

Tjørvåg: Følg Fv 654 i retning Fosnavåg. Parkering ved Coop-butikken i Tjørvåg. Ei informasjonstavle med kart kjem opp her i løpet av vinteren 2016/17 Sandvika: Følg FV654 retning Fosnavåg . I Moltustranda-Fosnavågkrysset som ligg ein snau km nord for Stokksund skule tek du til venstre og følgjer vegen 1,1 km til avkøyringa mot Sandvika. Ta til venstre her og så til høgre ved postkassestativet. Hald til høgre og følg vegen til ein parkeringsplass. Køyr forsiktig gjennom gardstunet. Coop-butikken i Tjørvåg
Fottur
Blå
Lengde
5,7 km en vei
Stigning
570 m
Tidsbruk
4 t. 20 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1

Offentleg transport

Busstopp ved Coop
Køyreskildring
Print ut