English

Sandvikdalen - Turveg frå Sørbrandal til Sandvika

Vanylven

Kort om turen

Denne turen er lett tigjengeleg for alle. Du kan køyre rullestol, jogge, gå eller sykle, og om vinteren er det fint å gå på ski her. På Sørbrandal- sida har du flott utsikt innover Rovdefjorden og til Sunnmørsalpane. Kjem du over toppen på vegen, så er det storslagen utsikt til Vanylvsgapet og Stadtlandet.Turvegen fyl elva frå Sandvikvatnet på delar av strekninga, og er du heldig kan du sjå hjort som kryssar dalen, eller ørn som sirklar over.

Rutebeskrivelse

I Sørbrandal tek du bilvegen oppover bakkane ved forsamlingshuset på vestsida av elva. Køyr til enden av asfaltert veg og parker der. Du kan også parkere nede i bygda ved brua som går over elva. Turen startar i slakt terreng. Etter kvart noko stigning med flatare parti innimellom. Det er brei grusveg heile strekninga. Det er mange rasteplassar med bord og benkar undervegs.Kjem du frå Hakallestranda, køyrer du av hovudvegen i Hola. Her er det skilta mot Sandvikdalen. Du køyrer til parkeringsplassen i Sandvikdalen 240 m.o.h. (her kan du også gå til Nystøylhornet) Turvegen startar ved enden av parkeringsplassen. Det er bomveg siste delen.

Adkomst og parkering

På Hakallestrandsida køyrer du opp Sandvikdalen til parkeringsplassen før bommen. (Bomavgift 30kr) I Sørbrandal køyrer du opp ved forsamlingshuset. Parkering etter ca. 800m
Fottur
Grønn
Lengde
7,59 km tur/retur
Stigning
221 m
Tidsbruk
2 t. 30 mi

Løype på kart

Valg for kartet:

Annet

Turen kan gjerast med elektrisk rullestol. Med manuell rullestol vil ein trenge ein ledsagar i god form. Litt laus grus nokon stader.

Kart

Turkart for Vanylven. Kan kjøpast på butikkar i kommunen.
Kjørebeskrivelse
Print ut