Praktfullt utsyn mot Hessa, Godøya og utover havet (Breisundet). Sjå spora etter middelalderbustader og gamle busetjingar. Eltraneset
Godt tråkka rås som følger Sula utover langs fjøra mot Eltraneset. Stort sett i flatt terreng, men nokre små motbakkar er det på turen. Råsa startar på parkeringsplassen ytterst i Langevåg ved Sandvika. Turen går så vidare på traktorveg dei første par kilometrane, før det går over til sti.Første del av stien går i vått myrterreng. Her er det tidvis plankebruer å tråkke på. Lengre ute blir stien tørrare.
Sandvika ved bommen, heilt ytterst i Langevåg. Du kjem til Sandvika ved å følgje hovudvegen til Langevågen til endes. (Veddevegen FV657 går over i Molværsvegen som går over til Sandvikvegen) Sandvika ved Bommen