English

Sandhornet (Blåfjellet)

Volda

Kort om turen

Sandhornet (Blåfjellet) er ein markant fjellrygg mellom Lisjebøheida og Folkestaddalen. Fjellet er godt synleg frå Volda og vert frå denne sida kalla Blåfjellet. Det er frå nord den markante profilen kjem best fram. Frå toppen er det ei fantastisk panoramautsikt mot Dalsjorden og fjella rundt, og mot Volda med Ørstafjella bak.

Ruteskildring

Turen startar der det er skilta "Fjellvegen". Denne vegen bygde Tussa i samband med oppdemming av Lisjebøvatnet. Om det er mykje snø startar du turen her, men er det mindre snø kan du køyre denne fjellvegen eit stykke før du tek på skia. Ved Lisjebøvatnet går du over demninga, og tek retning lett nordover mot salen mellom dei to høgste punkta. Bauting mellom 800-1000 m. Frå salen er det lett 500 m vest til varden.Lett og fin nedkøyring.

Tilkomst og parkering

Fv. 40 til Dale, ta av og køyr oppover dalen nesten til Rangsætergardane, til skilt "Fjellvegen". Køyr eller gå denne til Lisjebøvatnet. Parkering langs "Fjellvegen".
Skitur
Blå Løype
Stigning
822 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Høyeste punkt
1065 moh

Løype på kart

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut