English

Sandfjelltua via Blæjevatnet

Vanylven

Kort om turen

Sandfjelltua med sine 1002 m.o.h. er den lavaste 1000 meters toppen i Syvdefjella. Fjellet er mykje nytta til skiturar om våren og om hausten kan du møte rypejegerar her. Frå Sandfjelltua har du fin utsikt til dei høgaste fjella i Vanylven, nemleg Blæja 1142 m.o.h. og Myrkevasstinden 1131 m.o.h. Herfrå kan du også beundre Blæjeegga som speglar seg i Blæjevatnet.

Ruteskildring

Frå Røfsdalsætra er det ein relativt kort tur til Blæjevatnet, 30 – 45 min. Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Blæjevatnet. Råsa startar ovanfor hyttene og er lett å sjå, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. Herifrå går råsa over nokre knausar og terrenget flatar etterkvart ut innover lyngheiane mot Blæjevassbu.Frå Blæjevassbu føl du råsa til venstre, kryssar elva som renn frå Blæjevatnet til skiltet som markerer Olavskjelda. Ved Olavskjelda ser du oppover lyngrabbane som strekker seg oppover Sandfjellet. Frå Olavskjelda er det ikkje merka fordi herfrå er rutevalet ditt. Det er berre å velje ein lyngrabb og gå den rett opp dei 300 høgdemeterane til toppen.

Tilkomst og parkering

Frå Syvde sentrum køyrer du imot Saurdal. Ved Smedbøen svingar fylkesvegen mot høgre og du fortsett rett fram, mellom nokre bolighus. Når du har køyrt forbi husa er det reist ein stor stein på høgre side med ei kasse for bompengar til Myklebust sameige.
Fottur
Blå
Lengde
3,4 km en vei
Stigning
740 m
Tidsbruk
3 t. 35 min.

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4,5

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven bl.a. Coop marked Syvde.
Køyreskildring
Print ut