English

Sandfjelltua frå Kvanndalen i Nordalen - rute 49d

Vanylven

Kort om turen

Sandfjelltua er med sine 1002 moh den lågaste av fjella over 1000 moh i Syvde og Vanylven. Frå toppen er det vid og god utsikt både mot dei høgste fjella i Vanylven og utover havet. Starten på turen ved demninga i Kvanndalen er 530 m.o.h., og det betyr at ein er over tregrensa. Ein slepp dermed unna alt av kratt og anna av irriterande vegetasjon.

Ruteskildring

Det er skilta ved startpunktet på turen, og også i stikrysset på toppen av første motbakke. Heile ruta er merka. Etter å ha passert dei 2 Skarevatna, og Skaregarden på toppen av mellom Kvanndalen og Sandfjelldalen følgjer råsa (stien) ein bergrygg nedover til elva. Vanlegvis går det veldig greitt å krysse elva der ved å gå på steinar der det er merka. Frå elva følgjer ein først ein ny bergrygg med tynt humusdekke før ein kjem over på ein litt tung grasbakke som er tung å gå opp, men behageleg fjørande på veg ned. Lenger oppe følgjer ruta sauerås (sauesti) og ved å følgje den merka ruta slepp ein å gå i steinur i ei fjellside der det er mykje steinur.

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet i Kvanndalen køyrer ein frå Syvde til Norddalen. Det står skilt mot Norddalen 300 meter nordvest for kyrkja i Syvde. Køyr Norddalen heilt til endes. Deretter køyrer ein fjellvegen som startar i enden av dalen heilt til vegen sluttar ved kraftverksdemninga i Kvanndalen. Det er god plass til parkering ved demninga
Fottur
Blå
Stigning
506 m
Tidsbruk
2 t. 35 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1000 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,7

Kart

Turkart: På tur i Vanylven – kan kjøpast i butikkar og bensinstasjonar i Vanylven
Køyreskildring
Print ut